send link to app

Or - for deg som ikkje finn ord (Lesesenteret)


4.0 ( 6480 ratings )
辞書/辞典/その他 ブック
開発者 Bjornar Tollaksen
無料

Or gir deg endeleg ord for alle dei opplevingane, tinga og følelsene som du ikkje har ord for. Alt det du må bruke svært lang tid på å forklare - og kanskje ikkje greier å forklare.

Forfattarane Kjell Inge Torgersen og Per Henning Uppstad har samla rare stadnamn frå heile Noreg og koplar dei med pussige observasjonar frå vår rare kvardag.

Kven har ikkje møtt: "Fjøsne: Dame bak disk på offentleg kontor, som ikkje er særleg til hjelp" eller "Flaen: Mann med vest på offentleg kontor som du blir vist til, etter fyrst å ha møtt fjøsne. Heller ikkje særleg til hjelp."

I tillegg er eit gigantisk resirkuleringsprosjekt. Orda du her får fins allereie, men står diverre berre på skilt og peikar til småplasser. Med Or kastar me dei inn i språket og gir dei ein ny sjanse.

BIDRA SJØLV! Sit du med rare observasjonar, ting utan ord eller kjensler som manglar skildring? Skriv dei inn i appen - og kanskje blir får du ditt or - og ord - med i neste oppdatering!

Appen er utgjeven av Lesesenteret (Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking) - og utvikla av Bjørnar Tollaksen i samarbeid med forfattarane.

Stor takk for inspirasjon til appen til Douglas Adams og John Lloyd for "The (deeper) meaning of Liff". (For øvrig anbefalt lesing). All tekst og alle observasjonar - ord og or - i appen er heilt, heilt, heilt nye.

http://www.lesesenteret.no/